Sommarjobb på Sjøkrigsskulen
Stillingsinformasjon
Sted:
Laksevåg
Enhet:
Forsvarsbygg eiendomsforvaltning region Vest
Søknadsfrist:
13
april 2026
13
april 2026
Forsvarsbygg søkjer 4 sommarvikarar til førefallande vedlikehaldsarbeid på Sjøkrigsskulen.
Vi treng sommarvikarar i vekene 26, 27 og 28.
Som sommarvikar hos oss vil du få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2026 – 30.08.2026. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Vi ønskjer at sommarvikarane våre kan jobbe alle dei 3 vekene som oppgitt (veke 26-28). Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb
Arbeidsoppgaver
- Førefallande arbeid, som til dømes maling, rydding av inne- og uteareal osv.
Kvalifikasjoner
Vi ser etter deg som er:
- God til å samarbeide
- Sjølvstendig
- Fleksibel
- Påliteleg
- Ansvarleg
Personlige egenskaper
- Søkar må vere over 16 år, eller fylle 16 år i løpet av 2026
- God orden og åtferd
- Du må kunne autoriserast før oppstart