Sommarjobb Rena
Stillingsinformasjon
Sted:
Rena
Enhet:
Forsvarsbygg eiendomsforvaltning region Østlandet
Søknadsfrist:
8
april 2026
Forsvarsbygg på Rena treng sommarvikarar til ulike oppgåver knytte til utandørs drift.
Vi ønsker å tilsette 3 sommarvikarar til ulike oppgåver knytt til drift - for eksempel klipping av plenar, rydding og liknande.
Oppgi i søknaden kva for ein periode du ønsker å jobbe.
Sommarvikarane våre vil få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2026 – 30.08.2025. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Normalt jobbar ein sommarvikar i 100 % stilling i 3- 4 veker innanfor skoleferieperioden. Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb.
Arbeidsoppgaver
- Utandørs vedlikehald
- Park og hage
- Påkommande oppgåver
Kvalifikasjoner
Vi ser etter deg som er:
- God til å samarbeide
- Sjølvstendig
- Fleksibel
- Påliteleg
- Ansvarleg
Personlige egenskaper
- Må vere fylt 18 år.
- Ønskeleg med førarkort kl. B.
- Må kunne autoriserast før oppstart.
- Ønskeleg med erfaring frå tilsvarande arbeid.
Vi tilbyr
Lønn som hjelpearbeidar (stillingskode 1115) kr. 417 600,- i brutto årleg lønn.