Nye radaranlegg

Himmeltind

Nye radaranlegg

Forsvarsbygg bygger nye og oppgraderer eksisterande radaranlegg over heile landet. Dagens radaranlegg skal erstattast av ny teknologi for å møte framtidas operative utfordringar.

Dei nye radaranlegga vil bidra til å styrke Noregs forsvarsevne og vere NATOs auge i nord

Kostnadsestimat

Planlagd satsing i samsvar med langtidsplanen til forsvarssektoren ut 2036: 12,8 milliardar kroner, og omlag 4 milliardar kroner til byggeprosjekta.

Område

Behovet for areal til anlegga og tilkøyringsveg inneber kjøp av eigedom og/eller eigedomsrettar i desse kommunane: 

  • Nordkapp
  • Vardø
  • Målselv
  • Senja
  • Vestvågøy
  • Orkland
  • Namsos
  • Kinn
  • Os og Tolga
  • Øvre Eiker
  • Bjerkreim og Eigersund

Forsvarsbygg er i dialog med kommunar og grunneigarar på kvar lokasjon.

Dette bygger vi

  • Forsvarsbygg skal bygge elleve nye radaranlegg over heile landet. Seks radaranlegg skal etablerast på nye stader, mens fem eksisterande radarlokasjonar skal førast vidare.
  • Kvar lokasjon består av eit bygg med radarkuppel­ for å verne mot vêr og vind. Vi skal også bygge veg eller framkomsttrasear til radaranlegga.
  • Totalprosjektet består av ei teknologianskaffing med tilhøyrande eigedom, bygg og anleggstiltak.
  • Forsvarsbyggs oppdrag er å planlegge og etablere eigedom, bygg og anlegg som svarer ut Forsvarets behov. Forsvarsmateriell har totalprosjektansvaret og er ansvarleg for teknologianskaffinga. Luftforsvaret er brukar av radaranlegga.

 

Forsvarsbygg på Himmeltind nett
Skisse av et radaranlegg på Nordkapp.

Byggeperioden varierer frå lokasjon til lokasjon

På fleire av lokasjonane er vi i gang med bygginga. Byggeperioden for prosjektet samla sett er sett til perioden 2020-2030, men vil variere noko frå lokasjon til lokasjon.

  1. Militær luftovervaking gjer Noreg tryggare. Store delar av dagens radarar nærmar seg slutten av si levetid og må fornyast for å møte framtidas operative utfordringar. Nye radarar vil gjere oss betre i stand til å oppdage og hindre ulovleg inntrenging i luftrommet vårt.

  2. Plasseringa av radarane er gjord ut frå ei vurdering av korleis ein med berre nokre få radarar kan oppnå best mogleg overvaking av luftrommet. Det er også prøvd å unngå verneområde og lokasjonar der det ville vore nødvendig med omfattande veg- og infrastrukturutbygging i urørt natur.

  3. Forsvarsbygg vil så langt som mogleg prøve å legge til rette for at området framleis blir tilgjengeleg som turmål.

  4. Forsvarsbygg vil kontakte og involvere grunneigarar og rettshavarar i forhandlingar om rettar til anlegga. Vi vil også vere i løpande dialog med relevante offentlege myndigheiter i prosessen. 

    Kontakt med andre interesser vurderer vi fortløpande, og i dialog med kommunen.

  5. Ferdsel i område som er tilgjengeleg ved radaranlegga vil ikkje medføre risiko for skadeleg stråling. Forsvaret følgjer regelverket frå Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) og har prosedyrar og sikkerheitsmekanismar for å unngå at menneske blir utsette for skadeleg stråling.